LOV FOR IDRETTSLAGET SKARPHEDIN, STIFTA 31. JANUAR 1891

Lova er vedtatt på ekstraordinært årsmøte 25. mai 2016 og godkjent av Norges Idrettsforbund i brev av xx.xx.2016.

I. INNLEIANDE REGLAR

§ 1. Føremål
1. Føremålet til idrettslaget er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF).
2. Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

§ 2. Organisasjon
1. IL Skarphedin er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmar.
2. IL Skarphedin er medlem av dei særforbund som årsmøtet i laget vedtek.
3. IL Skarphedin er medlem av NIF gjennom Telemark idrettskrets, høyrer heime i Bø kommune, og er medlem av Bø idrettsråd.
4. IL Skarphedin skal følgje NIF og tilslutta organisasjonsledd sine regelverk og vedtak. NIF sitt regelverk gjeld for idrettslaget uavhengig av kva som står i idrettslagets eiga lov.

§ 3. Medlemmar
1. For at ein person skal takast opp i IL Skarphedin må denne:
a) akseptere å overhalde IL Skarphedin og overordna organisasjonsledd sine regelverk og vedtak.
b) ha gjort opp eventuelle økonomiske forpliktingar til IL Skarphedin og andre organisasjonsledd i NIF.
2. Ved innmelding skal det gjevast opp fullt namn, fødselsdato/år og fullstendig adresse.
3. Styret i IL Skarphedin kan i særlege tilfelle nekte ein person medlemskap. Før vedtak vert fatta, skal personen gjerast kjent med bakgrunnen for saka og får ein frist på to veker til å uttale seg. Vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve, og informere om høve til å klage. Vedtaket kan klagast på til idrettskretsen innan tre veker etter at det er motteke. Klagen skal sendast til styret i IL Skarphedin, som eventuelt kan omgjere vedtaket. Om vedtaket står ved lag, skal klagen sendast til idrettskretsen innan to veker.
4. Medlemskap i IL Skarphedin er først gyldig og reknast frå den dagen medlemskontingenten er betalt.
5. Medlemmet pliktar å halde NIF, tilslutta organisasjonsledd og IL Skarphedin sine regelverk og vedtak.
6. Utmelding skal skje skriftleg og får verknad når utmeldinga er mottatt.
7. IL Skarphedin kan ta medlemskapet frå eit medlem som etter purring ikkje betalar fastsett medlemskontingent. Medlem som skylder kontingent for to år taper automatisk sitt medlemskap i IL Skarphedin og skal strykast frå lagets medlemsliste.
8. Medlem som har tapt sitt medlemskap kan ikkje takast opp igjen før skuldig kontingent er betalt.
9. Styret i IL Skarphedin kan i særlege tilfelle fråta eit medlem medlemskapet for ein periode på inntil eitt år. Før vedtak vert fatta, skal vedkomande gjerast kjent med bakgrunnen for saka og få ein frist på to veker til å uttale seg. Vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve, og informere om høve til å klage.
10. Ved tap av medlemskap kan den saka gjeld kreve at vedtaket handsamast av ordinært/ ekstraordinært årsmøte, og har rett til å vere til stade ved årsmøtet si handsaming av saka. Kravet må setjast fram innan ei veke etter at vedtaket er motteke, og årsmøtet må deretter haldast innan ein månad.
11. Ved tap av medlemskap kan vedtaket til IL Skarphedin klagast på til idrettskretsen innan tre veker etter at vedtaket er motteke. Klagen skal sendast til IL Skarphedin sitt styre, som eventuelt kan gjere om vedtaket dersom det er fatta av styret sjølv. Oprettheld styret vedtaket , skal klagen sendast til idrettskretsen innan to veker. IL Skarphedin sitt vedtak trer ikkje i kraft før klagefristen er gått ut, eventuelt når klagesaka er avgjort.
12. IL Skarphedin skal føre elektroniske medlemslister i idretten sine nasjonale medlemsregister i tråd med forskrift gitt av Idrettsstyret.

§ 4 Medlemskontingent og avgifter
Medlemskontingenten blir fastsett av årsmøtet. Andre avgifter/eigendelar kan krevjast for deltaking i IL Skarphedin sitt aktivitetstilbud.

II. TILLITSVALTE OG TILSETTE

§ 5 Kjønnsfordeling
1. Ved val/oppnemning av styre, råd, utval/komité mv. og ved representasjon til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd, skal begge kjønn vere representert. Samansetjinga skal samsvare i høve til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, likevel slik at ved val/oppnemning av meir enn tre personar, skal det veljast/oppnemnast minst to personar frå kvart kjønn. Regelen gjeld og der det blir valt meir enn eitt varamedlem. Tilsette sin representant tel ikkje med ved utrekning av kjønnsfordelinga.
2. Ved val/oppnemning til styre, råd, utval/komité mv. i strid med regelen, skal styret innan ein månad etter årsmøtet sende ut innkalling til ekstraordinært årsmøte der nytt val vert gjort. Eksisterande medlemar i det aktuelle styret, komitéen mv. vert sitjande til nytt styre, komité mv. er valt/oppnemnt.
3. Idrettskretsen kan påleggje idrettslaget å oppfylle regelen, m.a. med innkalling til nytt årsmøte eller foreta ny oppnemning.
4. Idrettskretsen kan, når det ligg føre særlege tilfelle, gje dispensasjon frå denne regelen. Det skal så langt det er mogleg søkjast om dispensasjon i forkant. Søknad om dispensasjon må vere sendt til idrettskretsen innan 14 dagar etter årsmøtet. Det er berre mogleg å gje dispensasjon for ein valperiode/oppnemning kvar gong.

§ 6 Generelle reglar om røysterett, kven som kan veljast, forslagsrett m.v.
1. For å ha røysterett og kunne veljast må ein vere fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad og ha oppfylt medlemskrava. , jf. § 3. Det same gjeld der ein person skal oppnemnast som representant til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd. Ingen kan møte eller stemme ved fullmakt, jf. § 16.
2. Eit medlem som er arbeidstakar i eller har oppdragsavtale med IL Skarphedin, jf. § 7 (3), har ikkje stemmerett på IL Skarphedin sitt årsmøte. Dette gjeld ikkje for spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i IL Skarphedin.
3. Ein person kan ikkje samtidig ha meir enn eit av følgjande verv i idrettslaget: medlem av hovudstyret, valkomité, kontrollkomité, lovutval, revisor.
4. Ein person kan ikkje ha tillitsverv knytt til same idrett i fleire idrettslag som deltek i same konkurranse.
5. Forslagsrett:
a) Eit medlem har forslagsrett til og på årsmøtet i IL Skarphedin.
b) Hovudstyret har forslagsrett til og på årsmøtet i IL Skarphedin.
c) Eit idrettslag har forslagsrett til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd, og laget sin(e) representant(ar) har forslagsrett på dette årsmøtet/tinget.
d) Ein komité/utval har forslagsrett til årsmøtet i saker som ligg innanfor komitéen/utvalet sitt arbeidsområde, og komitéen/utvalet sin(e) representant(ar) har forslagsrett på årsmøtet innanfor komitéen/utvalet sitt arbeidsområde.
e) Eit medlem under 15 år har forslagsrett til og på årsmøtet.
6. Engasjert revisor har talerett på ordinært og ekstraordinært årsmøte i saker som ligg innafor sitt arbeidsområde.
7. Representant frå overordna organisasjonsledd har talerett på ordinært og ekstraordinært årsmøte i IL Skarphedin.

§ 7 Representasjonsrett og vilkår for val av arbeidstakar og oppdragstakar
1. Ein arbeidstakar i IL Skarphedin kan ikkje veljast til styre, råd, utval/komité mv. i idrettslaget eller overordna organisasjonsledd. Tillitsvalt som får relevant tilsetjing, pliktar å gå ut av tillitsvervet ved tiltreding av stillinga, og kan ikkje gå inn att før tilsetjingstilhøvet er avslutta.
2. Ein arbeidstaker i idrettslaget kan ikkje veljast eller oppnemnast som representant til årsmøte/ting eller leiarmøte i overordna organisasjonsledd. Det kan heller ikkje veljast eller oppnemnast representant som er arbeidstakar i det organisasjonsledd representasjonen skjer.
3. Regelen vert brukt tilsvarande på eit medlem som har oppdragsavtale som kan samanliknast med eit tilsetjingstilhøve.
4. Regelen gjeld ikkje for arbeidstakar som er spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i IL Skarphedin, og er ikkje til hinder for at idrettslaget gjev dei tilsette rett til å utpeike tilsettrepresentant(ar) til idrettslaget sitt styre.
5. Ein person som er valt eller oppnemnt i strid med regelen vert ikkje sett på som valt eller oppnemnt.
6. Idrettskretsen kan, når det ligg føre særlege tilfelle, gi dispensasjon frå denne regelen. Det skal så langt det er mogleg søkast om dispensasjon i forkant. Det er berre mogleg å gje dispensasjon for ein valperiode/oppnemning av gongen.

§ 8 Representasjonsrett og vilkår for val for andre personar med tilknyting til idrettslaget
1. Eit medlem som har avtale med IL Skarphedin som gjev denne økonomisk interesse i drifta av idrettslaget kan ikkje veljast til verv i styre, råd, utval/komite mv. innan IL Skarphedin eller overordna organisasjonsledd. Det same gjeld styremedlem, tilsett, eller aksjonær med vesentleg innverknad i ein juridisk person som har slik avtale som nemnt i første setning. Avgrensinga gjeld ikkje for styremedlem oppnemnt av idrettslaget. Tillitsvalt som får ei slik avtale, styreverv, tilsetjing eller eigardel, pliktar å gå ut av tillitsvervet ved tiltreding av stillinga, og kan ikkje gå inn att før tilsettingshøvet er avslutta.
2. Person som etter første ledd ikkje kan veljast, kan heller ikkje veljast eller bli oppnemnt som representant til årsmøte/ting eller leiarmøte i overordna organisasjonsledd. Det kan heller ikkje veljast eller oppnemnast representant med tilsvarande tilknyting til det organisasjonsledd representasjonen skjer.
3. Ein person som er valt eller oppnemnt i strid med regelen blir ikkje sett på som valt eller oppnemnt.
4. Idrettskretsen kan, ved særskilde høve, gi dispensasjon frå denne regelen. Det skal så langt det er mogleg søkjast om dispensasjon i forkant. Det er berre mogleg å gje dispensasjon for ein valperiode/oppnemning kvar gong.

§ 9 Inhabilitet
1. Ein tillitsvalt, oppnemnt representant eller tilsett i IL Skarphedin er inhabil til å legge til rett grunnlaget for ei avgjerd eller til å treffe avgjerda:
a) når denne sjølv er part i saka
b) når denne er i slekt eller svogerskap med ein part i opp- eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken
c) når denne er eller har vore gift med eller er forlova eller sambuer med ein part
d) når denne er leier eller har leiande stilling i, eller er medlem av styret i eit organisasjonsledd eller annen juridisk person som er part i saka.
2. Ein person er og inhabil når andre særskilde høve ligg føre som er eigna til å svekke tilliten til at denne er upartisk; mellom anna skal det leggjast vekt på om avgjerda i saka kan gje særleg fordel, tap eller ulempe for personen sjølv eller nokon som denne har nær personleg tilknytning til. Det skal også leggjast vekt på om krav om inhabilitet er reist av ein part.
3. Er ein overordna inhabil, kan avgjerd i saka heller ikkje treffast av direkte underordna i idrettslaget.
4. Inhabilitetsreglene skal ikkje brukast dersom det er heilt klart at den tillitsvalgte, oppnemnde representanten eller tilsette si tilknytning til saka eller partene ikkje vil kunne påverke denne sitt standpunkt og idrettslege interesser ikkje seier at vedkommande fråtrer.
5. Med part er det her meint person, medrekna juridisk person, som ei avgjerd rettar seg mot eller som saken elles direkte gjeld.
6. I styre, komitear og utval tek organet sjølv avgjerd, utan at det inhabile medlemmet deltek. Kjem det i ei og same sak opp spørsmål om inhabilitet for fleire medlemer, kan ingen av dei delta ved avgjerda av sin eigen eller ein annan medlem sin habilitet, med mindre organet elles ikkje ville vore vedtaksført i spørsmålet. I sistnemnde tilfelle skal alle møtande medlemer delta. Medlemen skal i god tid seie frå om forhold som gjer eller kan gjere vedkomande inhabil. Før spørsmålet vert avgjort, bør varamedlem eller annan person som kan tre inn i staden for, bli kalla inn til å møte og delta i avgjerda, dersom dette kan gjerast utan vesentleg bruk av tid eller kostnad.
7. I andre tilfelle avgjer personen det gjeld sjølv om han/ho er inhabil. Dersom ein part krev det og det kan gjerast utan vesentleg ekstra bruk av tid, eller personen det gjeld ellers finn grunn til det, skal denne sjølv leggje fram spørsmålet for sin næraste overordna til avgjerd.
8. Regelen gjeld ikkje på årsmøtet i idrettslaget.

§ 10 Krav til vedtak, fleirtalskrav og protokoll
1. Når ikkje anna er bestemt, er styre, komitear og utval i idrettslaget vedtaksføre når eit flertall av medlemmane er til stades. Vedtak blir fatta med fleirtall av dei gjevne røystene. Ved likt tal på røyster er møteleiar si røyst avgjerande.
2. Vedtak kan fattast ved skriftleg sakshandsaming eller ved fjernmøte. Ved skriftleg sakshandsaming skal kopiar av dokument i saka sendast samtidig til alle medlemmar med forslag til vedtak. Gyldig vedtak krev at fleirtalet av medlemmane er samd i det framlagte forslaget, og til at dette blir gjort etter skriftlig sakshandsaming. Ved fjernmøte skal alle møtedeltakarane kunne høyre og kommunisere med kvarandre.
3. Det skal førast protokoll frå styremøta.

§ 11 Refusjon av utgifter til tillitsvalte. Godtgjersle
1. Tillitsvalt kan motta refusjon for nødvendige, faktiske utgifter som vedkomande får i samband med utføring av vervet.
2. Tillitsvalt kan motta ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt.
3. Godtgjersle til styret og dagleg leiar skal kome klart fram i vedteke budsjett og rekneskap.

III. ØKONOMI

§ 12 Rekneskap, revisjon, budsjett mv.
1. Idrettslaget er rekneskaps- og revisjonspliktig. Rekneskapsåret skal følgje kalenderåret.
2. IL Skarphedin har ein omsetnad som gjer at laget skal følgje rekneskapsreglane i rekneskapslova og revisorlova, og skal engasjere statsautorisert/registrert revisor uavhengig av kva som følgjer av desse lovene. Alle organisasjonsledd som har engasjert revisor skal velje ein kontrollkomité med minst to medlemar. Kontrollkomitéen sine oppgåver følgjer av NIF si lov § 2-12.
3. Bankkonti skal vere knytt til idrettslaget og skal disponerast av to personar i fellesskap. Underslagforsikring skal vere teikna for dei som disponerer.
4. På årsmøtet skal det fastsetjast eit budsjett som inneheld alle hovudposter i resultatrekneskapen. Rekneskap og budsjett for idrettslag som er organisert med grupper/avdelingar, skal også omfatte rekneskapa og budsjetta for gruppene/avdelingane. Budsjettet skal vere realistisk, og resultatet skal ikkje vise underskot med mindre det vert dekt av positiv eigenkapital. Det vedteke budsjettet bør kome fram i ei eiga kolonne når årsrekneskapet vert lagt fram.
5. Årsrekneskap og årsmelding skal underskrivast av samtlege styremedlemar. Har idrettslaget dagleg leiar skal også denne signere.
6. Idrettslaget kan ikkje gje lån eller stille garantiar for lån dersom ikkje lånet eller garantien har sikring med trygg pant eller annan fullgod sikring. Sikring for lån og garantiar skal opplysast i note til årsoppgjeret.
7. Disposisjonar, også låneopptak, av ekstraordinær karakter eller vesentleg omfang i høve til idrettslaget sin storleik eller verksemd, kan berre vedtakast av årsmøtet.

IV. ÅRSMØTE, STYRE, UTVAL MV.

§ 13 Årsmøtet
1. Årsmøtet er idrettslaget sitt høgste styringsorgan, og skal haldast kvart år innan utgangen av mars månad.
2. Hovudstyret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand direkte til medlemmane eller ved kunngjøring i pressa, samt på IL Skarphedins internettside. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag skal vere gjort tilgjengeleg på IL Skarphedins internettside seinest ei veke før årsmøtet.
3. Ved innkalling i strid med regelen, avgjer årsmøtet ved godkjenning av innkalling og godkjenning av saklista, om årsmøtet er lovleg innkalla og om det er saker som ikkje kan handsamast.
4. Alle medlemmane i IL Skarphedin har tilgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere tilstades, eventuelt vedta at årsmøtet kun er ope for medlemmar.
5. Årsmøtet er vedtaksført dersom det møter eit tal på røysteføre medlemmar som minst svarar til talet på styremedlemmar i Hovudstyret. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav til minimumsdeltaking.
6. På årsmøtet kan det ikkje handsamast framlegg om endring i lov eller reglar som ikkje er ført opp på den saklista som er gjort tilgjengeleg eller sendt ut. Andre saker kan takast opp når 2/3 av dei frammøtte røysteføre på årsmøtet vedtek det ved godkjenning av saklista.

§ 14 Leiing av årsmøtet
Årsmøtet blir leia av valt dirigent. Dirigenten eller valt referent treng ikkje å vere medlem av IL Skarphedin. Det kan veljast fleire dirigentar og referentar.

§ 15 Oppgåvene til årsmøtet
Årsmøtet skal:
1. Godkjenne dei røysteføre.
2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane.
3. Velje dirigent(ar) og referent(ar), samt 2 medlemmer til å underskrive protokollen.
4. Handsame idrettslaget si årsmelding og gruppeårsmeldinger.
5. Handsame heile idrettslaget sin samla rekneskap i revidert stand.
6. Handsame forslag og saker.
7. Fastsetje medlemskontingent på minst kr. 100 og treningsavgift, eller gi gruppestyra fullmakt til å fastsette treningsavgift for gruppene sine aktivitetar.
8. Vedta handlingsplanar for gruppene og Hovudstyret
9. Vedta budsjett for gruppene og Hovudstyret
10. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan
11. Engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettslaget sin rekneskap.
12. Gjere følgjande val:
a) Leiar og nestleiar (jfr. Punkt 14)
b) Styremedlemmar i Hovudstyret er leiarane i gruppene (særgruppene) laget består av i følgje IL Skarphedin sin organisasjonsplan
c) Personlege varamedlemmar blir valt av gruppeårsmøta. .
d) To medlemmar til kontrollkomite
e) Andre val etter årsmøtevedtatt organisasjonsplan
f) Representanter til ting og møter i organisasjonsledda idrettslaget har representasjonsrett i. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å oppnemne desse representantane.
g) Valkomité som består av to medlammar og ein varamedlem.
13. Alle val gjeld for eit år om gongen, og gjeld frå 1. april til 31. mars året etter.
14. Årsmøtet kan velje leiar og nestleiar på to ulike måtar, og årsmøtet tek først stilling til kva måte ein skal bruke.
a) Hovudstyret består av leiarane i særgruppene, og har særskilt valt leiar og nestleiar blant desse. Desse er leiar og nestleiar eit halvt år kvar. Skifte av verv er 1. oktober.
eller
b) Hovudstyret består av leiarane i særgruppene i tillegg til fritt valt leiar og nestleiar.
15. Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmane til Hovudstyret skal veljast samla.
16. Årsmøtet kan godkjenne at samansetjinga av Hovudstyret kan bli endra i løpet av året.
Eller: Dersom ei særgruppe skiftar leiar utanom ordinært årsmøte i gruppa godkjenner årsmøtet at ny leiar går inn som medlem i Hovudstyret i løpet av valperioden 1. april til 31. mars.

§ 16 Røystegjeving på årsmøtet
1. Dersom noko anna ikkje er fastlagt i denne lova, skal eit vedtak, for å vere gyldig, vere gjort med vanleg fleirtal av dei avgjevne røystene. Ingen representant har meir enn ei røyst. Ingen kan møte eller røyste ved fullmakt. Blanke røyster skal reknast som ikkje avgjevne.
2. Val skjer skriftleg viss det føreligg meir enn eit forslag eller at det blir krevd. Viss det skal vere skriftlege val, kan berre føreslegne kandidatar førast opp på røystesetelen. Røystesetlar som er blanke, eller som inneheld ikkje føreslegne kandidatar, eller ikkje inneheld det talet det skal røystes over, tel ikkje, og røystene blir sett på som ikkje avgjevne.
3. Når eit val skjer enkeltvis og ingen kandidat oppnår meir enn halvparten av dei avgjevne røystene, blir det omval mellom dei to kandidatane som har oppnådd flest røyster. Er det ved omval likt tal på røyster, blir valet avgjort ved loddtrekking.
4. Når det ved eit val skal veljast fleire ved ei avrøysting, må alle, for å bli valt, ha meir enn halvparten av de avgjevne røystene. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlem. Viss ikkje mange nok av kandidatane har oppnådd dette i første valomgang, er dei som har fått meir enn halvparten av røystene valde. Det blir så omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga er dei som har fått flest røyster valde. Er det ved omval likt tal på røyster, blir valet avgjort ved loddtrekking.

§ 17 Ekstraordinært årsmøte
1. Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget blir kalla inn av Hovedstyret med minst 14 dagars varsel etter:
a) Vedtak av årsmøtet i idrettslaget.
b) Vedtak av Hovudstyret i idrettslaget.
c) Vedtak av styret eller årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd.
d) Skriftleg krav frå 1/3 av idrettslagets røysteføre medlemmar.
2. Ekstraordinært årsmøte blir innkalt direkte til medlemmene eller ved kunngjøring i pressa, samt på idrettslagets internettside. Sakliste og nødvendige saksdokument blir gjort tilgjengeleg på IL Skarphedin si internettside samtidig med innkallinga.
3. Ekstraordinært årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal på røysteføre medlemmar som minst tilsvarer talet på styremedlemmar i Hovudstyret. Dersom det ekstraordinære årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til ekstraordinært årsmøte på nytt utan krav til minimumsdeltaking.
4. Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget skal berre handsame dei sakene som er bestemt i vedtaket eller i kravet om innkalling av det ekstraordinære årsmøtet.
5. Ved innkalling i strid med regelen, avgjer det ekstraordinære årsmøtet høvesvis ved godkjenning av innkalling og godkjenning av saklisten, om det ekstraordinære årsmøtet er lovleg kalla inn og om det er saker som ikkje kan handsamast.

§ 18 Hovudstyret
1. Idrettslaget blir leia og er forplikta av Hovudstyret, som er idrettslagets høgste styringsorgan mellom årsmøta.
2 Styret skal m.a.:
a) Setje i verk årsmøtet i IL Skarphedin og overordna organisasjonsledd sine regelverk og vedtak.
b) Sjå til at IL Skarphedin sine midlar blir brukt og forvalta på ein forsiktig måte i samsvar med dei vedtaka som er fatta på årsmøtet eller i overordna organisasjonsledd, og sørge for at idrettslaget har ein tilfredsstillende organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen og har ei forsvarleg økonomistyring.
c) Oppnemne komitear/utval/personar for spesielle oppgåver etter behov og utarbeide mandat/instruks for desse.
d) Representere idrettslaget.
e) Oppnemne ansvarlig for politiattestordninga.
f) IL Skarphedin har eiga barneidrettsgruppe, og leiaren i denne gruppa er ansvarleg for barneidretten i laget. Dersom barneidrettsgruppa i framtida ikkje skulle fungere som ei særgruppe i IL Skarphedin, skal Hovudstyret oppnemne ein ansvarleg (tillitsvalt eller tilsett) for barneidretten i laget.
3. Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller minst to av styremedlemmene krev det.

§ 19 Grupper og komitear
Lovnorm: Valkomitéen vert valt på årsmøtet på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret, og skal leggje fram innstilling på kandidatar til alle andre tillitsverv som skal veljast på årsmøtet. Medlem av valkomité som sjølv vert kandidat til verv, pliktar å tre ut av valkomitéen.
1. Valkomiteen skal leggje fram innstilling på kandidatar til alle tillitsverv som skal veljast på årsmøtet, med unntak av valkomité. Medlem av valkomité som sjølv blir kandidat til verv, pliktar å tre ut av valkomiteen.
2. Idrettslaget kan organiserast med grupper. IL Skarphedin sitt årsmøte bestemmer oppretting og nedlegging av grupper (særgrupper) i samband med handsaming av idrettslaget sin organisasjonsplan.
3. Har årsmøtet til laget gjort vedtak om oppretting av grupper (særgrupper), vert kvar gruppe leia av eit gruppestyre.
4. Gruppestyret skal bestå av minst 3 medlemmar. Utover det avgjer årsmøtet i gruppa kor stort dette styret skal vere og funksjonstida til styremedlemmane (1 eller 2 år). Gruppestyret skal dekke desse funksjonane: leiar, kasserar/økonomiansvarleg og sekretær.
5. Tidspunktet for gruppene sine årsmøte blir bestemt av gruppestyret, men gruppeårsmøtet skal vere avvikla innan 15 mars. Innkalling skal skje på same vis som for årsmøtet i IL Skarphedin, med ein innkallingsfrist på minst 14 dagar. For øvrig gjeld reglane til IL Skarphedin sitt årsmøte også gruppeårsmøtene.
6. Gruppeårsmøta skal:
a) Vedta årsmelding for gruppa
b) Handsame rekneskap for gruppa. Dette skal seinare godkjennast av årsmøtet i IL Skarphedin
c) Vedta eventuell årleg treningsavgift
d) Vedta handlingsplan for gruppa
e) Vedta budsjett
f) Velje gruppestyret og bestemme ansvarsområde for styret og bestemme om funksjonstida for styremedlemmane er eitt eller to år.
6. Ei særgruppe kan velje å ikkje ha eige årsmøte. I slikt tilfelle vil dei vanlege årsmøtefunksjonane for gruppa bli eiga sak på hovudårsmøtet til IL Skarphedin.
7. Alle som har betalt kontingent til IL Skarphedin, kan delta og røyste på årsmøte i alle gruppene. Hovudstyret eller årsmøtet i laget kan bestemme at ei gruppe skal ha ekstraordinært årsmøte, dersom ei sak krev dette.
8. For grupper/avdelingar sine økonomiske forplikingar heftar heile idrettslaget, og grupper/avdelingar kan ikkje inngå avtalar eller representere idrettslaget utan styrets godkjenning jf. § 18.

V. ANDRE REGLAR

§ 20 Alminnelege disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker og dopingsaker
For almenne disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker og dopingsaker gjeld NIF si lov kapittel 11 og 12.

§ 21 Lovendring
1. Lovendring kan berre vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte i IL Skarphedin etter å ha vore oppført på saklista, og krev 2/3 fleirtall av dei avgjevne røystene.
2. Lovendringar som følgje av endringar i NIFs lov, trer i kraft straks. Lovendringar vedtatt av idrettslaget sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjende av idrettskretsen. Godkjenninga er avgrensa til dei reglane som NIF si lov omfattar.
3. I samband med godkjenninga kan idrettskretsen påleggje nødvendig endring for å unngå motstrid med NIF sitt regelverk.
4. Endringar i §§ 21 og 22 kan ikkje bli vedtatt av idrettslaget sjølv dersom endringane ikkje følgjer av NIF sitt regelverk eller lovnorm.

§ 22 Oppløsning. Samanslåing. Anna opphøyr
1. Forslag om oppløysing av idrettslaget må først handsamast på ordinært årsmøte. Blir oppløysing vedtatt med minst 2/3 fleirtall, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte tre månader seinare. For at oppløysing skal skje må vedtaket her bli gjentatt med 2/3 flertall.
2. Samanslåing med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av laget. Vedtak om samanslæing og nødvendige lovendringar i samband med dette blir gjort i samsvar med vedtektene om lovendring, jf. § 21.
3. Ved oppløysing eller anna opphøyr av IL Skarphedin går laget sine overskytande midlar etter avvikling til eit føremål godkjent av idrettskretsen. Melding om at idrettslaget skal oppløysast, skal sendast til idrettskretsen 14 dagar før idrettslaget held sitt ordinære årsmøte for handsaming av saka.