Bakgrunn for møtet:

IL Skarphedin fotballgruppe har inngått avtale med Bø kommune/Bø kommunale eigedomselskap AS om å kjøpe idrettsanlegget Telemarkshallen. Det er avtalt kjøpesum kr 1.700.000.

IL Skarphedin fotballgruppe har i dei siste 20 åra leigd Telemarkshallen av Telemarkshallen AS, og stått for all drift av hallen. Idrettslaget kjenner derfor anlegget godt. Ved å vidareføre dagens leigeavtale ville leigesummen for 2018 blitt på ca 704.000 kr.

IL Skarphedin fotballgruppe hadde styremøte 7.november 2017 og vedtok der å kjøpe Telemarkshallen til dei framforhandla vilkåra.

Saka blei deretter meldt inn til IL Skarphedin hovudstyre som handsama saka på sitt møte 6.desember 2016. Der gjorde styret flg. vedtak som dermed blir innstillinga til årsmøtet 4.januar:

Innstilling til årsmøtet

IL Skarphedin godkjenner at IL Skarphedin fotballgruppe kjøper Telemarkshallen av Telemarkshallen AS slik dette kjem fram av «Avtale om kjøp av næringseiendom» av 1.des 2017. IL Skarphedin hovudstyre godkjenner samstundes at IL Skarphedin fotballgruppe tar opp lån på kjøpesummen kr 1.700.000 i Sparebanken DIN.

--------

Kjøpsavtala som er nevnt i vedtaket vil vera tilgjengeleg i årsmøtet.

--------

Under følger saksinformasjon som låg til grunn for vedtaka i IL Skarphedin fotballgruppe og IL Skarphedin hovudstyre.