Årsmøtene i særgruppene blir haldne innan 15. april. Hovudårsmøtet i IL Skarphedin skal vere innan utgangen av april. Her vil det bli lagt ut årsmøtedokument etterkvart som dei er ferdige. Alle dokument skal ligge inne på sidene her seinast ei veke før hovudårsmøtet.

Her ligg årsmøtedokument heilt tilbake til 1988. Desse inneheld årsmeldingar, rekneskap, budsjett og etterkvart handlingsplanar for Hovudstyret og alle særgruppene. I tillegg er alle årsmøtesakene med, også frå ekstraordinære årsmøte i perioden. Etterkvart skal og alle protokollane frå årsmøta i same perioden inn her.