På denne sida finn du stoff som har med heile laget å gjere. Her ligg bl.a. lovene og struktur for arbeidet i hovudstyret og i særgruppene. Vidare finn du årsmøtedokument frå årsmøte 2006 og seinare. Sjå linkar til venstre.

IL Skarphedin er eit lag med 9 undergrupper. Leiarane i gruppene danner hovudstyret i laget, og to grupper har leiarskapet saman for eit år om gangen. Den eine gruppeleiaren leier laget frå 1. mai til 31. oktober, og den andre frå 1. november til 30. april. Den andre gruppeleiaren er nestleiar 1/2 år om gangen. Hovudstyret har 3 faste møte pr år. Viser til årsplan under Struktur for styrearbeid i menyen til venstre.

Sakene er samordning mellom gruppene, samt å passe på at alle ledd i laget følgjer opp økonomien sin på ein god måte.