Medlemskap/kontingent

IL Skarphedin er eit allidrettslag og alle aktive i IL Skarphedin fotballgruppe må betale kontingent til IL Skarphedin. Denne kostar kr 150 pr år pr enkeltmedlem og blir fakturert av hovudlaget (ikkje fotballgruppa). Medlemskapet dekker heile klubben (alle særidretter). Alle aktive i fotballgruppa må betale kontingent. Det må også alle tillitsvalgte, og klubbtrenarar og andre med ulønna roller i klubben.

Deltakaravgift

Fotballgruppa fakturerer sine aktive for deltakaravgift. Det er altså det det kostar å delta i vår aktivitet - trening og kampar - for heile året. Tabellen under viser prisen for dei ulike laga i 2018, uendra sidan 2015:

   
Senior herrer 2 500
Senior damer 2 500
Senior damer 7er 1 250
Guttar 17-19 år / Jenter 17-19 år (G/J 19) 2 500
Guttar 15-16 år / Jenter 15-16 år (G/J 16) 2 500
Guttar 14 år / Jenter 14 år 2 000
Guttar 13 år / Jenter 13 år 1 700
Guttar 12 år / Jenter 12 år 1 500
Guttar 11 år / Jenter 11 år 1 400
Guttar 10 år / Jenter 10 år 1 200
Guttar 9 år / Jenter 9 år 1 000
Guttar 8 år / Jenter 8 år 800
Guttar 7 år / Jenter 7 år 600

Det er laget ein tilhører som bestemmer prisen. Dersom f.eks. ein 14-åring er flytta opp til G16 og trenar og spelar kampar med G16 er det G16-prisen som gjeld. Tilsvarande dersom f.eks ein 12-åring spelar med 13-årslaget fordi klubben ikkje har 12-årslag, gjeld 13-årsprisen også for 12-åringen.

Foreldretrenarar som ikkje mottek godtgjering frå klubben er fritatt for deltakaravgift for sitt barn. Det samme gjeld kulladministratorar i barnefotballen. Styremedlemmer, medlemmer i styret i Sommarland Cup og dugnadsgruppa på Sandvoll er fritatt for deltakaravgift for sine barn.

Cupar og turneringar

Klubben dekker lagpåmelding. Det betyr at for eindagscupar dekker klubben alle kostnadar ved å delta.Transport dekkast ikkje.

For overnattingscupar dekker klubben lagpåmelding og deltaking for trenarar. Den enkelte spelar dekker si deltakaravgift.